Stillingsannonse:
NRK-sporten søker sommarvikarar
Søknadsfrist: 20. januar
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Er du journalist med lidenskap for faget, og sport, treng vi deg som sommarvikar i NRK Sport frå juni til slutten av august. Nøyaktige datoar blir avklart med den enkelte. Vi skal tilsetje journalistar både på nett, TV og radio. Vi jaktar på kvinner og menn som kjenner eit sug etter å formidle nyheiter og engasjerande historier til eit stadig meir kresent publikum. Vi vil at dei skal velje NRK.
Idretten tek kort sommarferie. Fotballen rullar, ikkje minst er det knytt spenning til VM i Australia og New Zealand med det norske landslaget på plass. Så er det full rulle i friidretten, som vi skal følge tett gjennom sommaren. Pluss masse anna. Som sommarvikar på nyheitsdeskane våre, får du vere med på laget vårt.
NRK skal spegle Noreg anno 2023. Vi treng difor eit mangfald av perspektiv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kulturell bakgrunn, funksjonsevne og kjønnsuttrykk.
NRK har eit språkansvar og treng fleire nynorskbrukarar. Vi ønskjer òg å rekruttere fleire kvinner til sportsjournalistikken.
Arbeidsoppgåver:
- Nyheitsjobbing for nett, TV eller radio. Reiser kan bli aktuelt, men primært blir arbeidet knytt til deskane på Marienlyst.
- Det er fint om søkjarane spesifiserer kompetansen sin.
Kvalifikasjonar:
- Du må ha journalistisk erfaring frå sports- eller nyheitsredaksjonar.
- Du må ha utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule, eller vere i gang med studia.
- Du må raskt kunne tileigne deg teknologien og arbeidsverktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.
Personlege eigenskapar:
- Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
- Du må ha ha nyheitsteft og kunne jobbe raskt og effektivt under tidspress.
- Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og eit korrekt og godt skriftleg språk.
- Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
- Du må like å jobbe tett saman med arbeidsleiarar og kollegaer.
- Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.
Vi tilbyr:
- Spennande og aktive månader i Noregs største sportsredaksjon.
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap som vi gjerne deler.
- Høgt tempo når vi skal vinne nyheitskampen.
- Grunnleggjande innføring i bruk av NRK sine dataverktøy.
Kontaktinformasjon
Geirmund Henjum, redaksjonsleiar, geirmund.henjum@nrk.no
Kirsti Lillehagen, redaksjonssjef, kirsti.lillehagen@nrk.no
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon