Stillingsannonse:
NRK Nyheiter søker nå-journalist
Søknadsfrist: 10. september
Digital publisering, Direkte, NRK Nyheitsdivisjonen
Har du konkurranseinstinkt og lyst til å jakte nyheiter frå hjartet av landets største nyheitsredaksjon? NRK Nyheiter har ledig fast stilling som nå-journalist. I tillegg til at du må elske breaking news, søkjer vi etter ein ny medarbeider som har kompetanse på fagfelta krim eller klima.
Arbeidsoppgåver
På NRK Nyheiter sin desk for digital publisering vil du jobbe med å dekkje løpande nyheiter, primært mot NRKs største digitale plattform: nrk.no. Men du vil også få moglegheit til å jobbe med eigne saker og idear.
Som journalist hos oss får du jobbe med dei største sakene frå inn- og utland.
Krim og klima er to svært viktige journalistiske satsingsområder for NRK, og vi er på jakt etter kandidatar som også har kompetanse og interesse for eitt av disse fagfelta. Du vil gå inn i ei av våre etablerte fagklynger og jobbe med krim eller klima som spesialfelt.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer journalistar som ønskjer å vinne nyheitskampen og som har lyst til at NRK er først og best.
Vi stiller følgjande krav:
- Du må beherske høgt tempo og du må vere sjølvgåande og initiativrik
- Du må ha god digital kompetanse og kunne presentere journalistikken din på ein kreativ måte
- Du må ha gode tekniske ferdigheiter og god simultankapasitet for å gjere ein god jobb som nå-journalist
- Evne til å utvikle eigne idear
- God etisk vurderingsevne
- Erfaring med kjeldearbeid
- Erfaring med arbeid både på desk og operativt i felt
- Kompetanse og interesse for anten krim eller klima
Det er ein fordel om du også har disse kvalifikasjonane:
- Foto- og/eller videokompetanse
- Framandspråk
- Erfaring med offentleg innsyn og bruk av sosiale medium for å skaffe informasjon
- I tillegg til å ha stålkontroll på nettformatet: Vi ønskjer å nå breitt ut med innhaldet vårt på alle våre nyheitsflater, så det er ein stor fordel om du også har erfaring med radio/lyd og/eller tv
Personlege egenskapar
- Du må vere ein lagspelar, og vi legg stor vekt på samarbeidsevne og teamorientering
- Du må vere presis, ryddig og nøyaktig
- Ha eit godt og lettfatteleg språk
- Du må ha evne til å takle eit høgt stressnivå
- Vi legg òg vekt på gjennomføringsevne og handlekraft
Vi tilbyr
Arbeidskvardagen hos oss er spennande og utfordrande. Du vil gå inn i vår nå-turnus med kvelds-, helg- og morgonvakter. På reportervakter på dagtid jobbar du i krim- eller klimagruppa.
Både krim- og klimagruppa i NRK Nyheiter består av medarbeidarar frå fleire redaksjonar, og klyngene har eigne strategiar og reportasjeleiing. Begge gruppene har eit graveoppdrag og dei bidreg også i løpande saker.
Kontaktinformasjon
Kari Stokke Nilsen, redaksjonssjef digital publisering, 41504334, kari.stokke.nilsen@nrk.no
Simon Solheim, redaksjonsleiar nå og krim, 98604319, simon.solheim@nrk.no
Hans Cosson-Eide, redaksjonsleiar klima og teknologi, 417 32 386, hans.cosson-eide@nrk.no