Stillingsannonse:

Møre-Nytt søkjer journalist
Vi treng fornying – noko for deg?
Møre-Nytt er på jakt etter ein journalist i ei nyoppretta fast stilling. Vi er ein erfaren gjeng, og er modne for både fornying og mangfald i redaksjonen.
- Vi kan tilby ein spennande jobb i eit moderne mediehus med god økonomi og ambisjonar om vekst.
- Du får vere journalist i eit område som er både bygd og by, har stor variasjon i næringslivet, eit allsidig kulturliv og fantastisk natur.
- Du kan få ein inngangsbillett til eit stort og offensivt mediekonsern.
- Mange flinke journalistar har starta karrieren i Møre-Nytt. Kanskje du blir den neste?
Vi ønsker at du
- Kan jobbe raskt og effektivt med nettpublisering, men samstundes ha evne til å gå i djupna og vere grundig.
- Har kunnskap og interesse for sosiale medium og levande bilete.
- Er stødig i nynorsk, og har førarkort.
Du må jobbe i ein firedelt turnus, med helgevakter. Vi oppmodar spesielt kvinner til å søkje.
Kontaktperson
Svein Aam, redaktør/dagleg leiar, 90201232, [email protected]