Stillingsannonse:

Vintervikarar i NRK-sporten

Søknadsfrist: 8. september

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

Skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Også denne vinteren treng NRK Sport påfyll av journalistar som både kan formidle gode, varme sportshistorier og vere i stand til å grave fram nyheiter. Vinteren blir tettpakka av store hendingar. OL og Paralympics, Para-VM, VM i skiflyging, verdscupar i alle ski-greiner, VM i sjakk og VM i handball for kvinner er berre litt av det som skjer vinteren 2021/22.

Når vi sender dyktige, faste medarbeidarar ut ut for å servere og dekke dei ekstatiske øyeblikka, må vi erstatte dei og styrke heimedeskane på nett, TV og radio. Det er her du kan få bli med på laget.

Periode: Frå november til april. Nøyaktige datoar blir avklart med kvar enkelt. Nokre startar rundt nyttår, fordi vi treng ikkje full styrke gjennom heile perioden.

NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar sport direkte året. Vi har daglege nyheits-og magasinsendingar og satsar meir og meir på nett, mobil og sosiale medier.

NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.

Arbeidsoppgåver:

  • Vi skal rekruttere journalistar til nettdesken, TV-desken og radiodesken.
    Reiser kan bli aktuelle, men primært blir arbeidet knytt til nyheitsdeskane.
  • Nettdesken formidlar hurtig siste nytt på NRK.no , men har i tillegg alltid meir omfattande, journalistiske satsingar på gang.
  • TV-og radio-desken produserer til ulike nyheitssendingar og til lengre sendeflater.
  • Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar for å kunne steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.
  • Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha dokumentert journalistisk erfaring frå internett og/eller TV og radio.
  • Du må ha dokumentasjon på utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule.
  • Du må kunne bruke og lett tilegne deg teknologien og verktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
  • Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
  • Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
  • Du må ha ha nyheitsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
  • Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
  • Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.

Vi tilbyr:

  • Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon.
  • Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
  • Høgt tempo og godt humør.
  • Grunnleggande innføring i bruk av dataverktøy.

Løn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar.NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Kontaktinformasjon

Geirmund Henjum
Redaksjonsleiar, 97403861
geirmund.henjum@nrk.no

Søk på stillinga

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS