Stillingsannonse:
Vil du vera med på å løfta Avisa Nordhordland til nye høgder?
Søknadsfrist: 2. juni
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Avisa Nordhordland skal styrke laget og søkjer etter journalist i fast stilling.
Me er på jakt etter deg som alltid er på utkikk etter dei gode nyheitssakene, er flink til å komma tett på folk, ønskjer å fortelja historiene på ein levande og engasjerande måte, og har lyst til å verta ein del av den dyktige og ambisiøse redaksjonen vår.
Du må ha interesse for den digitale journalistikken. Det er den me skal satsa mest på i tida som kjem.I tillegg til å vera skrivande journalist, vil du òg kunna komma til å jobba med video, foto, direkteoppdateringar, lyd, strøyming og andre publiseringskanalar.
Me reknar ikkje med at du kan alt frå første dag, men du må vera motivert for å læra deg nye verktøy og arbeidsoppgåver.
Me ser etter deg som:
- er motivert for å utvikla deg som journalist
- har ein del journalistisk erfaring
- er engasjert, likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og er
kreativ- meistrar nynorsk - vert trigga av at dine saker vert lesne, men óg heiar frem andre for å nå
felles mål - er glad i eit godt fellesskap med gode kollegaer, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har førarkort på bil, likar å vere på farten, og trivst i møte med folk
- meistrar nynorsk
Har du lyst på jobben, men kan ikkje haka av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning, vilje og talent.
Me tilbyr:
- 100% fast stilling, i fast turnus
- ein spennande jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt
- ei viktig rolle i ei lokalavis som har ambisjonar og skal bety noko for folk
- god journalistisk erfaring og hjelp til å utvikla av kompetansen din
- utvikling og oppdatert kompetanse gjennom Amedia, det leiande lokalaviskonsernet i landet.
- eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett
Det er ein stor fordel om du har lokalkunnskap, og kjenner Nordhordland som region.
Spørsmål om stillinga kan rettast til konstituert redaktør Sirill Heimdal
(tlf. 97716612) eller klubbleiar Synne Grimen Hammarvoll (41626272).
Søknadsfrist 2. juni. Har du noko tidlegare arbeid du er stolt over?
Legg det gjerne ved!
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon