Stillingsannonse:

Videojournalist i SøreTV

Søknadsfrist: 28. februar

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Polaris Media

Polaris Medias formål er å drive mediehus, informasjons- og forlagsvirksomhet, samt trykkeridrift og annen beslektet næringsvirksomhet. Konsernets verdigrunnlag ligger i kjernevirksomheten – et samfunnsoppdrag for å drive publisistisk virksomhet innenfor en kommersiell ansvarlig og lønnsom ramme. Konsernet skal kjennetegnes.

På Søre Sunnmøre eig Polaris Media avisene Vikebladet Vestposten, Vestlandsnytt og Møre-Nytt.

Du kan lese meir om Polaris Media her

Vil du vere med og skape noko nytt på Søre Sunnmøre?

Dei tre største lokalmediehusa i Møre og Romsdal (Vikebladet Vestposten,
Møre-Nytt og Vestlandsnytt) skal satse meir på levande bilde.

Vi søkjer etter ein journalist med digital teft som får ansvar med å bygge opp det nye tilbodet for våre lesarar og sjåarar. Målet er å nå ut til endå fleire, og primært unge vaksne.

Den som vert tilsett skal ha kontakt med og vidareformidle innhald frå eksterne leverandørar og gjere videoinnhald tilgjengeleg på våre nettsider. Til stillinga høyrer også planlegging saman med redaktørane, promotering av innhald i sosiale medium, produksjon av videoreportasjar/direktesendingar og tilrettelegging av streama innhald for nett.

Mediehusa ser etter ein kreativ, sjølvstendig og nytenkande medspelar med teft for kva levande bilde som treff målgruppene, som er flink til å planlegge og samarbeide og som vil vere ein del av eit miljø der ein jobbar raskt og effektivt.

Arbeidsstad og -område vert Søre Sunnmøre. Løn etter avtale. Stillinga er i første omgang eit engasjement på inntil to år. Vedkomande må ha førarkort.

Søknadsfrist: 28. februar 2022.

Ved spørsmål kontakt ein av desse:

Linda Eikrem, redaktør / dagleg leiar i Vikebladet Vestposten AS: linda@vikebladet.no – tlf. 480 66 495

Svein Aam, redaktør / dagleg leiar i Mørenytt AS: svein.aam@morenytt.no
– tlf 902 01 232

Endre Vorren, redaktør / dagleg leiar i Vestlandsnytt AS: endre@vestlandsnytt.no – tlf. 918 48 872

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS