Stillingsannonse:
Vi har ledig vikariat 40 % som nyheitsjournalist
Søknadsfrist: Snarest
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Kan du tenkje deg å jobbe i ein avisredaksjon der kvar arbeidsdag er ulik, og du i stor grad kan jobbe med å setje dagsorden?
Der du kan jobbe med å utvikle nyheiter og saker som er viktige og aktuelle for lokalsamfunnet? Du får høve til å jobbe med alle sjangrar og saksfelt, men med spesielt auge for nyheitsfeltet.
Ein av våre faste journalistar skal ha 40 prosent permisjon, og vi leitar no etter ein person som kan tenkje seg å vikariere i ei 40 prosent stilling frå 1. oktober i år til 31. mars 2023. Arbeidsoppgåver og saksfelt vil variere. Som nyheitsjournalist i avisa Valdres dekkjer du mellom anna kommunepolitikk, økonomi, næringsliv og bygdeutvikling. Dei gode og nære historiene skal vi også fortelje.
Du får i stor grad jobbe sjølvstendig, og det er stort rom for eigne idear og medverknad. Du trivst med høgt tempo og har teft for dei gode sakene. Du har eit breitt interessefelt, og kan skrive både nynorsk og bokmål. Du har like eins augo for gode bilete. Du må ha førarkort klasse B.
Utdanning og/eller erfaring frå journalistisk arbeid, god kjennskap til sosiale medium og høg digtal kompetanse er ein fordel.
Arbeidsstaden er Fagernes.
Kontaktpersoner:
Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør/dagleg leiar,
hilde.havro@avisa-valdres, 951 20 776
Geir Helge Skattebo, Klubbleiar,
geir.skattebo@avisa-valdres.no, 959 61 794
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon