Stillingsannonse:

Vestlandsnytt søkjer etter journalist

Søknadsfrist: 25. april

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Vestlandsnytt

Er lokalavisa for Herøy og Sande med utgjevarstad Fosnavåg. Avisa kjem ut kvar tysdag og fredag og har eit opplag på vel 4.400. Verksemda har fem tilsette der fire av disse er i redaksjonen. Vestlandsnytt AS vart kjøpt av Sunnmørsposten AS våren 2017, og vart med dette ein del av Polaris Media ASA. Våren 2018 vart Vestlandsnytt publisert også som nettavis og eAvis (vestlandsnytt.no)

Primært søkjer vi etter ein all-round journalist, og det er ein fordel med erfaring frå bransjen. Vedkommande skal, saman med resten av redaksjonen og under leiing av Vestlandsnytt, ta aktivt del i vårt utvida redaksjonelle tilbod til lesarane.

Vi søkjer etter ein person med blikk for nyheiter og kompetanse på nettjournalistikk.

Den nye journalisten må vere innstilt på å jobbe raskt og tidvis under tidspress, men skal også få utfalde forteljarglede og initiativ. Søkjaren må ha god kjennskap til sosiale media og aktiv bruk av internett.

Vestlandsnytt vert skrive og redigert på nynorsk.

Den nye journalisten vil ha sitt tilhald i Vestlandsnytt sitt kontor i Fosnavåg, og skal inngå i turnus for kvelds- og helgearbeid. Lokalkunnskap er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. Det same gjeld kunnskap om/interesse for sport, politikk, næringsliv og kultur. Søkjaren må ha førerkort.

Vi kan tilby ei spennande og utfordrande stilling i eit ungt og engasjert arbeidsmiljø.

For spørsmål rundt stillinga:

Kontakt dagleg leiar og redaktør Endre Vorren, tlf: 918 48 872

Søknadsfrist: 25. april 2022

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS