Stillingsannonse:

Vest-Telemark blad søker journalist i fast stilling

Søknadsfrist: 1. september

Me søker ein allsidig journalist med gode digitale kunnskapar.

VTB er så mykje meir enn ei papiravis som kjem ut to dagar i veka. Nå vil me styrke oss ytterlegare, og søker derfor etter ein journalist som både veit korleis ein når nye lesarar og korleis ein tek vare på dei lojale som har abonnert på lokalavisa sidan starten i 1973. Den me leitar etter må tole høgt arbeidstempo og kunne produsere tekst, foto og levande bilde. Saman skal me sørge for at vtb.no er den kanalen alle med tilknyting til Vest-Telemark går til fyrst.

Du
– veit kva som fungerer digitalt
– er produktiv og nøyaktig
– er glad i nynorsk
– er Ikkje redd for nye utfordringar

Me tilbyr
– Fagre Vest-Telemark som arbeidstad
– Triveleg arbeidsmiljø
– Allsidige utfordringar
– Konkurransedyktig løn

Det er ein føresetnad med førarkort og at ein disponerer bil. Den som blir tilsett går inn i turnus med kvelds- og helgevakter.

For spørsmål om stillinga kontakt:
Øystein Øygarden, redaktør
958 93 437

Kari Smeland, klubbleiar
995 39 926

Søknad sendast til:
[email protected]

Frist: 1. september

Firma: Vest-Telemark blad

Vest-Telemark blad er Telemarks tredje største avis med eit godkjent opplag på 5563. Avisa dekkjer kommunane Vinje, Seljord, Kviteseid, Tokke, Nissedal og Fyresdal. Papiravisa kjem ut tysdag og fredag, medan vtb.no blir oppdatert fortløpande. Me er 12 tilsette, halvparten i redaksjonen. VTB har kontor i nyoppussa lokale i Kviteseid sentrum.