Stillingsannonse:
Sunnhordland søker journalist og sommervikarar
Søknadsfrist: 01. juni
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Me vil styrkja laget med ein ambisiøs journalist, som kan vera med å setja dagsordenen, og som vil spela ei viktig rolle i dekking av smått og stort i ein aktiv og spennande region.
Me søkjer ein medarbeidar som ser etter gode vinklingar, og som får arbeidet raskt og presist unna. Me ser spesielt etter deg som er flink på foto og video,
og som kan vidareføra Sunnhordland sin tradisjon med gode visuelle uttrykk.
Sunnhordland har ein ung og kreativ redaksjon og har hausta ei rekkje prisar for både journalistikk og layout. Avisa oppnådde i 2018 å bli kåra til årets lokalavis i Europa.
I sommar treng me vikarar i perioden frå juni til august.
Førarkort for bil, og god kunnskap om digitale medium er eit krav.
Vaktplanen vår inneheld faste kvelds- og helgevakter.
For meir informasjon kontakt:
Ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø, tlf 98 24 20 08.
Klubbleiar er Olav Røli, tlf. 98 24 20 14.
Søknad og CV sender du til hildevn@sunnhordland.no
Søknadsfristar
Sommarjobb: 20. mai
Fast stilling: 1. juni