Stillingsannonse:
Sommarvikariat som VJ/fotograf i Bergen
Søknadsfrist: 15. mars
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Har du lyst til å lage nyheitssaker frå vestlandet i sommar? Då er det kanskje deg me leitar etter!
NRK Vestland treng sjølvstendige fotografar til sommarvikariat i nyheitsredaksjonen i Bergen. Me ser etter deg som har stor interesse for nyheiter og har eit brennande ønske om å formidle historiar frå regionen vår.
Det er ein føresetnad at du har god teknisk forståing, erfaring med ulike typar kamera og kan redigere i Adobe Premiere. Du må vere trygg både etisk og journalistisk, og ha evne til å kunne jobbe raskt og levere innhald direkte frå felt når det skjer hendingar i nyheitsbiletet.
Arbeidsoppgaver
- Lage reportasjar og anna innhald til alle plattformene våre, åleine eller i samarbeid med reporter
- Levere direkteinnhald frå felt til lokale og nasjonale nyheitssendingar
Kvalifikasjoner
- Allsidig teknisk kompetanse og røynsle i bruk av kamera og redigeringsverktøy
- Interesse for nyheiter og erfaring som fotograf eller videojournalist
- God kjennskap til digitale plattformer og nye publiseringsformer
- Erfaring med å levere direkteinnslag er ein fordel
- Sikker språkføring i norsk, munnleg og skriftleg
- Høgskule- eller universitetsutdanning
- Førarkort for personbil
Personlige egenskaper
Våre sommarvikarar må vere sjølvgåande og ha evne til å jobbe raskt og effektivt når situasjonen krev det. Me søker etter personar som kan bidra med eigne idear og lage saker åleine som videojournalist. Det er også viktig å kunne samarbeide godt i team med reporter.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, med kreativitet og humør
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Nye og moderne lokaler i Media City Bergen
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon