Stillingsannonse:

Sogn Avis har ledig eit årsvikariat som journalist

Søknadsfrist: 1. september

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Bli med på laget!

Sogn Avis har ledig eit årsvikariat som journalist frå 1. november 2019.

Me er på jakt etter ein flink «allrounder» med nase for gode historiar, og me ser gjerne at du er initiativrik og svolten på nyhende.

Me er på jakt etter ein flink «allrounder» med nase for gode historiar, og me ser gjerne at du er initiativrik og svolten på nyhende. Hjå oss må alle dekka alt. Kvardagen er aldri kjedeleg.

Det er ein stor fordel om du har eit «digitalt hovud» og er førebudd på å levera på alle plattformer.

Stillinga er plassert i hovudredaksjonen.

Søkjarar må ha førarkort og bil.

Me set stor pris på journalistar med humør og evne til å skapa trivsel rundt seg. Sogn Avis har eit godt arbeidsmiljø.

Sogn Avis vert redigert på nynorsk, det blir lagt vekt på gode språkkunnskapar.

Spørsmål om vikariatet kan rettast til:
Redaktør Jan Inge Fardal tlf 913 10 274,
eller klubbleiar Wenche Schanke Eikum tlf 971 64 907

Søknad med attestar og referansar skal sendast til jani@sognavis.no

Søknadsfrist: 1. september 2019

Firma: Sogn Avis

Sogn Avis er ein av dei største lokalavisene på Vestlandet, og er avisa for alle sogningar. Hovudkontoret ligg i Leikanger, med avdelingskontor i Årdal. Avisa kjem ut fem dagar i veka, og har eiga nettutgåve. Avishuset består av Sogn Avis og trykkeriet IHP AS.

Powered by Labrador CMS