Stillingsannonse:

Samlaget søkjer prosjektleiar/
forlagsredaktør i full stilling

Søknadsfrist: Snarast

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Om forlaget:

Det Norske Samlaget er ei stifting som gir ut bøker på nynorsk: skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og lærebøker til høgare utdanning. Forlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år og har over 1100 titlar i sal. Forlaget har 25 tilsette. Årleg omsetning er på rundt 65 millionar kroner, og økonomien er god. Vi har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.

Vil du lage bestseljarar på nynorsk?

Samlaget er eit av Noregs eldste og mest anerkjende kvalitetsforlag, med etablerte forfattarar som Jon Fosse, Agnes Ravatn, Alfred Fidjestøl, Olaug Nilssen, Sigri Sandberg og Maria Parr. Føremålet er å gi ut bøker på nynorsk og dialekt, og eit mål er å vise at nynorsk kan vere for alle. Då må forlaget heile tida utvikle bøker som folk flest oppfattar som relevante og interessante. Samlaget har difor alltid gitt ut folkelege og populære humorbøker, koke- og handarbeidsbøker, i tillegg til gåvebøker og andre bruksbøker. No søkjer vi ein idérik og handlekraftig person som vil vere med på å skape framtidas nynorske bestseljarar.

Det Norske Samlaget opprettar no ei eiga stilling som prosjektleiar for forlagsinitierte faktabøker.

Du er typen som ropar høgt hurra kvar gong ei av bøkene når toppen av bestseljarlistene. Du må elske å utvikle nye bokprosjekt, finne morgondagens profilar og trivast i samarbeid med redaksjonen og marknadsavdelinga. Du vil fungere som prosjektleiar med totalansvar for utvalde bøker, frå formulering av målgrupper, rekruttering av forfattar og heilt ut til ferdig bok og til å leggje strategi for marknadsføring.

Vi søkjer ein person som kan styrke redaksjonen med

  • erfaring med å utvikle og formidle innhald retta mot definerte målgrupper
  • nettverk som når unge og unge vaksne
  • godt oversyn over SoMe-feltet og utviklinga av digital kommunikasjon
  • sterk visuell kompetanse, gjerne frå design, film/tv/web

Ein søkjar bør

  • vere ein god lesar og gjerne ha redaksjonell erfaring (frå forlag, medieverksemd)
  • ha teft for dei gode historiene og ambisjonar om å nå breitt ut
  • vere allsidig og open for å arbeide på tvers

Stillinga er arbeidskrevjande og passar for deg som er strukturert, løysingsorientert og evnar å drive prosjekt fram og fullføre dei til avtalte fristar. Erfaring frå forlagsbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav.

Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk.

Send søknad saman med CV til h.kolmannskog@samlaget.no seinast måndag 7. juni.

Vi oppmodar særleg personar med minoritetsbakgrunn om å søkje.

Vil du vite meir om stillinga, kan du spørje forlagssjef Håkon Kolmannskog, telefon: 47 41 37 81 eller e-post: h.kolmannskog@samlaget.no.

Søk stillinga her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS