Stillingsannonse:

Programleiar i NRK Unormal

Søknadsfrist: 8. mai

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

Unormal er NRK sitt univers for tenåringar. Vi skal nå ungdom med underhaldande innhald om kropp og identitet, på dei plattformene som er relevante.

I dag lagar vi podkast, videoar på Youtube og Snapchat, og eigne seriar for NRK TV. No søker vi ein ny profil som vil bruke seg sjølv for å formidle kunnskap, spre glede og hjelpe tenåringar med å takle livet. Arbeidsstad er i Trondheim, og jobben varer i første omgang ut 2021.

Arbeidsoppgåver

Du er ein av profilane i Unormal, og snakkar med følgarane våre både gjennom kameralinsa og i kommentarfeltet

Du er framfor kamera på opptak, er med på direktesendingar på Youtube og er ei av stemmene i podkasten vår

Du tek del i heile produksjonen, frå utvikling av idear, research og manus til ferdig program

Kvalifikasjonar

Vi søker ein nysgjerrig programleiar som vil lage underhaldande og lærerike videoar for ei ung målgruppe. Innhald, form og formidling skal være personleg og ekte. Det betyr at du må vite kva unge folk er opptatt av og ta behova deira på alvor.

Du trivst framfor kamera og byr på deg sjølv

Du tek ansvar for å bidra med gode idear til innhald

Du likar å jobbe i team

Du er nysgjerrig og likar å lære og prøve nye ting

Du ønsker å være eit godt førebilete for ungdom

Du toler høgt tempo og at andre har ei mening om det du gjer

Personlige egenskapar

Du må ha stor interesse for populærkultur og det som skjer på internett

Du har kunnskap om og identifiserer deg med ei ung målgruppe

Du er bevisst på korleis du brukar språket, skriftleg og munnleg

Det er ein stor fordel om du har erfaring med å redigere video og/eller har journalistisk kompetanse

Vi tilbyr

Eit ambisiøst arbeidsmiljø i ein ung redaksjon i Trondheim, der mange av de flinkaste folka i mediebransjen jobbar.

Stor kreativ fridom og moglegheit til å vere med å utforme NRK sitt tilbod til unge.

Du må sende inn ein video av deg sjølv for å bli vurdert. I videoen skal du fortelje om deg sjølv og noko som er viktig for deg. Videoen kan ikkje vere lenger enn 2 minutt.

Vi oppfordrar spesielt deg som er nynorskbrukar og/eller har fleirkulturell bakgrunn til å søke. Søknadsfristen er 8. mai 2021.

Kontaktinformasjon

Kirsti Svensgaard Moe
Faggruppeleiar
414 38 422

Mari Langva
Prosjektleiar
994 64 774

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS