Stillingsannonse:
Nyheitsjournalist, NRK Vestland i Hardanger
Søknadsfrist: 26. april
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Den dyktige lokalkontormedarbeidaren vår i Hardanger skal ut i svangerskapspermisjon. Me treng derfor ein vikar på lokalkontoret fram til mars 2022.
Me ser etter ein journalist som greier å løfta saker frå denne delen av Vestland til eit regionalt og nasjonalt publikum.
Du må vera ein allsidig journalist som er i stand til å levera godt innhald til alle plattformene til NRK.
Som vår medarbeider i denne regionen, må du være førebudd på å rykka raskt i allslags vêr og rapportere direkte frå felt.
Målet vårt er å sjå Hardanger og resten av Vestland frå innsida.
Arbeidsoppgaver
- Løfte saker frå Hardanger til resten av Vestlandet og eit nasjonalt publikum.
- Jobba sjølvstendig med saker frå idé til ferdig reportasje.
- Rapportere direkte ved hendingar i denne delen av Vestland.
- Jobba for at NRK Vestland skal setja dagsorden.
- Laga journalistikk til dei ulike plattformene til NRK; radio, TV, nett og sosiale medium.
- Jobba i turnus. Reising er ein del av jobben.
Kvalifikasjoner
- God journalistisk teft og evne til å jobba fram eigensaker.
- Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon.
- Godt og trygt språk, både munnleg og skriftleg.
- Den som jobbar for NRK Vestland i Hardanger må kunna skriva godt nynorsk.
- Har god teknisk og digital forståing.
Personlige egenskaper
- Nysgjerrig, ambisiøs og idérik.
- Hardtarbeidande og trivst med høgt tempo.
- Brenn for å fortelja viktige historier.
- Gode samarbeidsevner, vilje til å dela kunnskap, og vera med på å løfta heile laget.
Vi tilbyr
- Vikariat i NRK i ein spanande og viktig del av Vestland.
- Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer.
- I NRK Vestland vil det vera gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
Kontaktinformasjon
Sølve Rydland, Redaksjonssjef, 952 40 957
Arbeidssted
5750
Søk på stillingen her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NRK
Referansenr.:4373269264
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.04.2021
Nylige artikler
17 kjappe
Noen ganger er det best å holde kjeft
Mediene må også granske krigene de overser
Vil straffe eiere som blander seg – redaktørtopp er skeptisk
Kan lisensavtaler med KI-selskapene bli den viktigste inntektskilden for mediene?
Mest leste artikler
Kjempet i tre år: Sikret nær 200.000 kroner til hver kollega
NRK-korrespondent Philip Lote forteller om sykdom
Historisk KI-avtale gir norske journalister flere tusen på konto før jul
– Vil egentlig håpe noen klager til PFU
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt