Stillingsannonse:

NRK Sport søker vintervikarar

Søknadsfrist: 5. september

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

Skal styrke demokratiet, og vi skal samle og engasjere alle som bur i Noreg. Som landets offentleg finansierte allmennkringkastar og mediehus har vi eit omfattande allmennkringkastaroppdrag.

Gjennom TV, radio og andre medieplatterformer skal vi bidra til eit nysgjerrig og inkluderande samfunn. Våre grunnleggande verdiar er å vere open, modig og truverdig.

Vi har kontor og medarbeidarar i heile landet, og vi ynskjer fleire kollegaer med digital eller fleirkulturell kompetanse.

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Sport skal supplere reporterkorpset også denne vinteren. I perioden frå november til ut i april treng vi brennande sjeler som vil vere med på å fortelje gode historier og grave fram viktige nyheiter både på nett, TV og radio. Konkret periode blir avklart med den enkelte.

Vinteren blir spekka med spennande toppidrett på NRK, ikkje minst med det svært kontroversielle verdsmeisterskapet i fotball i Qatar alt i november. To andre høgdepunkt blir VM i nordiske greiner i Planica og VM i skiskyting i Oberhof.

Vi vil at publikum skal velje NRK Sport på alle plattformer. Då må vi tilsette midlertidige reportarar med rett og god kompetanse. Vi ser difor etter journalistar med fersk erfaring frå arbeid på ein nyheitsdesk.

NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du ein interessant søkjar fordi NRK ønskjer å styrkje seg på desse områda.

Vi ønskjer òg å rekruttere fleire kvinner til sportsjournalistikken.

Arbeidsoppgåver:

  • Nyheitsjobbing i turnus for nett, TV eller radio. Arbeid annakvar helg kan ein rekne med.

  • Reiser kan bli aktuelt, men primært blir arbeidet knytt til deskane heime.

  • Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar, som kan steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.
  • Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin i søknaden.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha journalistisk erfaring frå sports- eller nyheitsredaksjonar.
  • Du må ha utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule, eller vere i gang med studia.
  • Du må raskt kunne tileigne deg teknologien og arbeidsverktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.

Personlige eigenskapar:

  • Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
  • Du må ha nyheitsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
  • Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
  • Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
  • Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.

Vi tilbyr:

  • Spennande og aktive månader! Vi stiller krav, men vi skal ha det moro på jobb.
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap som vi gjerne deler.
  • Høgt tempo og godt humør.
  • Grunnleggjande innføring i bruk av dataverktøy.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.

Ved spørsmål om stillingen

Kontakt Geirmund Henjum, redaksjonsleiar, geirmund.henjum@nrk.no

Søk på stillinga

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS