Stillingsannonse:

Nationen søkjer tre journalistar til nyheit og politikk

Søknadsfrist: 6. oktober

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Nationen

Nationen har eit opplag på 17.766 og kun seks av 225 aviser veks meir enn Nationen i første halvår 2021. Avisa har nå det høgste opplaget på 20 år. Nationen når dagleg 44.700 lesarar på papir og har i tredje kvartal 2021 eit snitt på 560.000 sidevisningar i veka.Nationen er ei fri og uavhengig dagsavis. Formålet er å ta vare på dei økonomiske, sosiale og kulturelle interessene til bygdefolk og distrikta. Nationen er næringsavisa til distrikta. Dei prioriterte stoffområda for avisa er politikk, næringsliv, landbruk og matproduksjon, internasjonal handel og EU/EØS.Avisa vart stifta i 1918 og er eigd av mediekonsernet Tun Media, der Amedia er den største aksjonæren. Avisa held til i Schweigaards gate 34E i Oslo, med distriktskontor i Trondheim og frilansarar over heile landet.

Nationen er i vekst og vi treng fleire folk til å styrke vår journalistikk. Vi ser etter deg som har lyst til å jobbe med politikk og nyhende i ei av landets viktigaste nisjeaviser.

Journalist i fast stilling:

Vi søkjer ein journalist til å styrke vårt daglege nyhende- og reportasjearbeid. Du har teft for å finne nyhende, er kreativ og har evna til å sjå dei gode vinklingane. Du må kunne utnytte digitale flater slik at journalistikken kan nå flest mogleg.

Vi treng deg som vil vere med på å utvikle Nationen og som tykkjer det er spennande å eksperimentere med ulike former for historieforteljing.

Politisk journalist i fast stilling:

Nationen er opptatt av distrikts- og næringspolitikk. Til å styrke vår dekning av politikken på vårt felt søkjer vi deg som kan jakte nyhende og som har politisk teft og interesse. Du må vere nysgjerrig, flink til å snakke med folk og lett kunne skaffe deg kjelder.

Journalist vikariat:

Ein av våre journalistar skal ut i foreldrepermisjon og vi har difor eit ledig vikariat frå desember 2021 til og med august 2022. Vi leitar etter ein idérik og sjølvstendig medarbeidar med interesse for å dekke det løpande nyhendebiletet innanfor nisja til Nationen. Vilje og evne til å fortelje til dels kompliserte historiar med tekst og bilete vil bli vektlagt.

Felles for alle stillingane:

Som journalist i Nationen får du tillit og ansvar frå første dag.

Vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein stad der du kan utvikle deg.

Nationen nyttar både nynorsk og bokmål, og du må kunne skrive godt på minst eitt av målføra.

Søkjarar bør ha relevant utdanning og/eller journalistisk erfaring. Du må rekne med noko arbeid på kveldar og enkelte helger.

Alle stillingane inngår i turnus.

Lurar du på om ein av desse stillingane kan passe for deg, eller du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Nationen, ta kontakt med ein av oss:

Søknadsfrist 6.oktober 2021.

Type stillingar: To faste stillingar og et vikariat ut august 2022.

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS