Stillingsannonse:

Mediehuset Vigga søkjer etter redaktør og dagleg leiar

Søknadsfrist: 10. september

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Vigga

Vigga dekkjer kommunane Lesja og Dovre og har i dag over 2.000 abonnentar. Mediehuset er heileigd av Skjåk Mediautvikling AS som er ein del av Polaris Media ASA. Vigga har fire årsverk, er inne i ei positiv utvikling og har ei forventa omsetjing i 2021 på om lag fem millionar kroner.

Som redaktør og dagleg leiar i Vigga må du forstå samfunnsrolla til mediehuset, og ha hjarte og teft for å lage journalistikk som vedgår dei som bur i dekningsområdet.

Redaktøren skal vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarane og mediehuset sitt lesartilbod. Vigga er ei vekesavis, men publiserer også på nett, på vigga.no. Den nye redaktøren vil få ansvaret for å vidareføre og utvikle satsinga på nettpublisering.

Kjennskap til dekningsområdet vil også vere ein fordel.

Redaktøren er også dagleg leiar med personalansvar for staben i Vigga og rapporterer til styret.

Søknadsfrist er 10. september.

Søknad kan sendast til asta.brimi@fjuken.no

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Asta Brimi, tlf. 91327397 eller på epost: asta.brimi@fjuken.no

Søk stillinga her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS