Stillingsannonse:

Konkurransetilsynet søker kreativ digital kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 22. november

Vi søkjer ein kreativ digital kommunikasjonsrådgivar til vår kommunikasjonsavdeling.

Vi ynskjer at du skal bidra til å gjere tilsynet sin kommunikasjon på digitale flater, og spesielt sosiale medium, enda betre.

Dette vil inkludera framtidsretta bruk av digitale verktøy i intern og ekstern kommunikasjon, og profesjonalisera tilsynet si bruk av sosiale medium for å nå målgruppene våre.

Er du ein dyktig digital formidlar av både tekst og visuell kommunikasjon er dette jobben for deg.

Du vil spesielt få ansvar for å vidareutvikle våre sosiale medium knytt til strategi, analyse og innhald, der målet er auka kjennskap og kunnskap om konkurranselova og Konkurransetilsynet sitt arbeid. For å lukkast i stillinga er det avgjerande at du formidlar godt innhald både gjennom tekst og visuelt, at du har inngåande kjennskap til sosiale medium (Facebook, LinkedIn og Twitter), og beherskar ulike flater og format. Du må òg forstå målgrupper.

Du vil få arbeide med engasjerte kollegaer i vår kommunikasjonsavdeling,
og ikkje minst få arbeide med spanande og aktuelle saker med interesse for samfunnet. Du må òg kunne hjelpe til med andre oppgåver i kommunikasjonsavdelinga.

Arbeidsoppgåver

Fagansvar for sosiale medium

  • Dagleg drift av tilsynet sine sosiale medium
  • Vidareutvikle strategi for sosiale medium saman med teamet i kommunikasjonsavdelinga
  • Overvake sosiale medium
  • Halde deg oppdatert på tekniske utviklingar og brukartrendar i digitale landskap
  • Tileigne deg god kjennskap til målgruppene sin bruk av sosiale medium
  • Analysere brukerdata frå sosiale medium og vurdere tiltak

Innhaldsproduksjon

  • Visuell kommunikasjon (infografikk, videoproduksjon, animasjon, bilete, visualisere prosesser)
  • Tekstproduksjon for digitale flater
  • Tilpasse informasjon til sosiale medium og evt. andre digitale flater
  • Lage kampanjar i sosiale medium mot målgrupper, i samarbeid med teamet i kommunikasjonsavdelinga
  • Ansvarleg for innhaldsarkiv for visuell kommunikasjon
  • Sørge for god kvalitet både språkleg og visuelt

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå,
    minimum bachelor eller tilsvarande innan kommunikasjon, journalistikk,
    digitale medium og brukarforståing. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Minimum 3 års yrkeserfaring med erfaring frå journalistikk, kommunikasjonsarbeid eller byråarbeid.
  • God formidlingsevne til å forklare kompliserte problemstillingar både gjennom tekst, bilete og video.
  • Kompetanse og erfaring med grafisk design og visuell innhaldsproduksjon som bilete, video, infografikk e.l.
  • Kompetanse og erfaring i strategisk bruk av sosiale medium som Facebook, LinkedIn, Twitter og YouTube
  • God innsikt i sosiale medium som verktøy i kampanjar og kjennskapsbygging
  • God fagleg forståing og interesse for digitale løysingar og kunnskap om digitale analyseverktøy.
  • Svært god norskkunnskap og må kunne beherske nynorsk

Vi legg vekt på at du er

  • Engasjert og samfunnsinteressert
  • Kreativ og kvalitetsbevisst
  • Serviceinnstilt, løysingsorientert, positiv og har gode samarbeidseigenskapar
  • Sjølvstendig, initiativrik og har stor gjennomføringsevne
  • Du brenn for god historieforteljing
  • Endrings- og lærevillig og evner å halde deg oppdatert på dagens trendar innanfor det digitale landskapet

Vi tilbyr

I Konkurransetilsynet er dei tilsette den viktigaste ressursen og vi legg derfor vekt på at alle tilsette har god utviklings- og karrieremoglegheit og trivst med sine arbeidsoppgåver og kollegaer. Konkurransetilsynet har fleksibel arbeidstid og ei god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. I tillegg har tilsynet kantineordning, eige bedriftsidrettslag, tilgang til treningsfasilitetar og gode ordningar tilknytt bedriftshelse.

Konkurransetilsynet legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Konkurransetilsynet ynskjer å realisere regjeringa sitt mål tilknytta inkluderingsdugnaden om at minst 5% av dei ny tilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV'en. Konkurransetilsynet legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne.

Stillinga blir lønna ut frå kvalifikasjonar og iht. det statlege lønnsregulativ som rådgjevar eller seniorrådgjevar (st.kode 1434/1364) i lønnsspennet 500 000
630 000. Vi legg opp til tiltreding så snart som mogleg.

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan gjerast offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova §25. Dersom ein søkjar ynskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste,
må dette grunngjevast.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Kommunikasjonsdirektør Margrethe Myrmehl Gudbrandsen, tlf. 480 74 747
e-post: [email protected].

For meir informasjon om Konkurransetilsynet sjå vår nettside www.konkurransetilsynet.no.

Søknadsfrist: 22. november 2020

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Konkurransetilsynet

Konkurransetilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikra konkurranse som er til fordel for forbrukarar og næringsliv.
Gjennom handheving av konkurranselova skal tilsynet avdekke konkurranseskadeleg samarbeid og misbruk av dominerande stilling. Tilsynet vurderer også om fusjonar og oppkjøp kjem forbrukarane til gode. Konkurransetilsynet deltar aktivt i internasjonalt samarbeid innan sine fagområde. Konkurransetilsynet har rundt 110 tilsette i nye og moderne lokale i Zander Kaaes gate 7 i Bergen. For meir informasjon sjå www.kt.no.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS