Stillingsannonse:

Kommunikasjonsrådgjevar, Universitetsleiinga

Søknadsfrist: 17. juni

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Rådgjevaren vil få eit særskilt ansvar for verksemdskommunikasjon

Vil du vere med å synleggjere Universitetet i Bergen?

Vi søker ein samfunnsengasjert rådgjevar i fast 100% stilling, med god teft og strategisk forståing som kan jobbe tett på toppleiinga ved UiB.

Kompetanse på samfunn, politikk og næringsliv er ein føresetnad.

Stillinga krev òg god orienteringsevne i medielandskapet.

Vi ser etter ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar som kan drive eit målretta og strategisk arbeid med å synleggjere UiB.

Stillinga er ei fast 100 % stilling tilknytta den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB, eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid.

Rådgjevaren vil få eit særskilt ansvar for verksemdskommunikasjon og vil vere ein sentral rådgjevar og kommunikasjonsstøtte for rektorat og toppleiing ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsformer og krev ein initiativrik person med høg kommunikasjonsfagleg kompetanse, god digital forståing og evner til å produsere innhald både til eigne nettsider og ulike sosiale medier.

Rådgjevaren evner også å tenke strategisk og å arbeide systematisk med å styrke UiB sitt omdøme og deltaking i eksterne media og samfunnsdebatten.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå (lang og relevant erfaring kan i nokre tilfeller erstatte krav om utdanning)
  • God evne til å manøvrere i medielandskapet
  • Trivs i ein til tider travel kvardag med høgt tempo
  • Interesse for og erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid
  • God formidlingsevne og meistrar ulike kommunikasjonsformer både i form av tekst og video
  • Erfaring med sosiale medier og god kompetanse i bruk av nettbaserte publiseringsplattformar
  • Er flink til å skrive og er trygg på både bokmål, nynorsk og engelsk
  • Er ein god lagspelar og relasjonsbyggar, men med evne til sjølvstendig arbeid

Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit godt, dynamisk og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i en inkluderande arbeidslivsbedrift
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, blant anna trening i arbeidstida
  • Stilling som rådgjever (kode 1434) i lønnstrinn 62 – 67 (for tiden kr 544 400 – 597 400) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre løn bli vurdert

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Deskleiar ved Kommunikasjonsavdelinga Olaf Erlend Gundersen, olaf.gundersen@uib.no, tlf. 908 90 793 eller
kommunikasjonsdirektør Tor Godal Tor.Godal@uib.no, tlf. 971 17 502

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

SØK STILLINGEN HER

Powered by Labrador CMS