Stillingsannonse:

Journalist/researcher i NRK Sport

Søknadsfrist: 19. mai

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Bli med på laget når vi samlar Norge rundt dei største sports-øyeblikka!

Vi vil gjerne ha tak i deg, du sportsinteresserte journalist som er nysgjerrig, idérik, kreativ og som har sansen for den gode historia. Vi går mot ein aktiv haust og vinter med VM i fotball, pluss masse tradisjonell vintersport. Vi skal difor styrke redaksjonen med ein erfaren journalist/researcher, der booking av gjester til sendingane våre også inngår i jobben.

Du kjem til å jobbe med tunge satsingar som VM i fotball og Vinterstudio. Du vil få medansvar for at vi har gode gjester, for manusarbeid til sendingane og for innhalds- og idéutvikling.

Vi lovar ein spennande, morosam og utfordrande jobb i Norges største sportsredaksjon.

Arbeidsoppgåver:

  • Bestille gjester og gjere research.
  • Utvikle og lage innhald til sendeflatene i samarbeid med redaksjonen.
  • Halde deg oppdatert i sportsverda og byggje nettverk av kjelder og kontaktar.

Kvalifikasjonar:

  • Du er idésterk og kan utvikle og ferdigstille underhaldande innhald på fleire plattformer.
  • Du må ha redaksjonell erfaring, gjerne med research som spesialfelt.
  • Det er ein fordel om du har eit godt kontaktnett innafor fotball og vintersport.

Personlege eigenskapar:

  • Du er oppdatert og interessert i sport.
  • Du har gode sosiale evner og kommuniserer godt. Du må like å ta mange telefonar og systematisere informasjonen.
  • Du må ha idéar og ha evner til å gjennomføre dei.
  • Godt humør og stor arbeidskapasitet ser vi også etter.

Vi tilbyr:

  • Vi vil legge vekt på å inkludere deg i arbeidsmiljøet i ein hektisk men morosam arbeidskvardag.

Ved spørsmål om stillinga

Kontakt Geirmund Henjum, redaksjonsleiar geirmund.henjum@nrk.no,
Kristine Norvik Skeide, prosjektleiar vintersport, kristine.norvik.skeide@nrk.no eller Mads Håby, prosjektleiar fotball, mads.haby@nrk.no

Søk på stillinga

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS