Stillingsannonse:

Hordaland søkjer sommarvikarar

Søknadsfrist: 27. februar

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Avisa Hordaland

Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang. Lokalavisa har lokale eigarar og samarbeider med Amedia om alt av tenester og system. Hordaland er opplagsvinnar blant lokalavisene i Vestland med eit opplag på 8334. Me veks kraftig digitalt, samstundes som at papiravisa står sterkt. Avisa kjem ut tre gonger i veka. Nettavisa finn du på http://avisa-hordaland.no

Er du nysgjerrig, positiv og likar å snakka med folk?
Ver med på laget!

Avisa Hordaland på Voss søkjer sommarvikarar til å jobba som journalistar i redaksjonen frå midten av juni til midten av august.

Her får du sjansen til ein spennande og lærerik sommarjobb med mange kjekke utfordringar og kollegaer, i ein redaksjon som leverer journalistikk til dedikerte lesarar og lokalsamfunn. Voss er også eit eldorado for turglade menneske med unik tilgang til kortreiste opplevingar.

Hordaland er viktig for mange og har teke store steg på kort tid. Me set lesarane fyrst og har investert tungt i journalistikken. Me har modernisert drifta og innført nye robuste system frå Amedia. Hordaland er no eit moderne mediehus med solid vekst.

Om deg:

  • Du bryr deg om kva som rører seg i samfunnet rundt deg, og trivst i høgt tempo
  • Du brenn for å skriva gode saker, og å fanga gode motiv på både foto og video
  • Du skriv godt, på god nynorsk
  • Du kan godt studera journalistikk, men det er ikkje eit krav for å få jobb
  • Du meistrar digitale reiskapar
  • Du har godt humør og likar ei utfordring
  • Redaksjonell erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Du er over 18 år, og har førarkort klasse B

Som sommarvikar vil du gå inn i den i den ordinære vaktplanen, som også inkluderer morgon-, kvelds- og helgevakter. Løn etter avtale.

Søknadsfrist: 27. februar.

Lurer du på noko om stillinga?

Ta kontakt med nyhenderedaktør Terje Hjartnes på e-post thj@avisa-hordaland.no eller mobil 928 53 896.

Skriftleg søknad med CV og eventuelle arbeidsprøvar frå tidlegare journalistisk arbeid kan sendast til thj@avisa-hordaland.no.

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS