Stillingsannonse:

Hallingdølen søkjer nyheitsjournalist

Søknadsfrist: 15. august

Hallingdølen søkjer ein dyktig nyheitsjournalist, helst med redaksjonell erfaring.

Du må vera svolten på å leite opp dei gode sakene og tenke publisering i både digitale kanlar og papir. Stillinga inngår i vaktturnus med kvelds- og helgevakter.

Har du spørsmål til stillinga, kontakt redaktør Embrik Luksengard tlf. 915 51 435
eller klubbleiar Magnus Lindahl tlf. 906 51 269.

Send søknad til Hallingdølen, Sundrevegen 79, 3571 Ål eller på epost: [email protected]

Søknadsfrist 15. august

Firma: Hallingdølen

Hallingdølen er lokalavis for Hallingdal og Nore og Uvdal, med eit opplag på 9013.
Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Hallingdølen har markert seg sterkt i bransjen og vore kåra til Årets lokalavis i LLA fleire år. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i mediebedrifta, av desse 14 i redaksjonen