Stillingsannonse:

Hallingdølen søker journalist i årsvikariat

Søknadsfrist: 1. oktober

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hallingdølen

Er ei lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på over 10.000. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Me har eit høgt digitalt fokus, som gjer oss til ei sterk 24/7-avis. Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire år. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.

Brenn du for lokalsamfunnet og har lyst til å vera med på å vidareutvikle ei av landets beste lokalaviser? Då kan du vere rette person for oss! Me søker ein journalist i vikariat for eitt år, med oppstart så raskt som mogleg.

Me søker deg som har:

  • Nyheitsteft og engasjement
  • Stor arbeidskapasitet
  • Kan jobbe raskt og sjølvstendig
  • Er framoverlent og har eit ønske om å utvikle deg
  • Har godt humør og entusiasme

Erfaring frå mediebransjen er eit krav. Stillinga går inn i vaktturnus, med kvelds- og helgevakter. Du må ha sertifikat.

Det me kan tilby deg er ein variert kvardag i eit levande lokalsamfunn, som har eit sterkt og godt forhold til avisa si. Eit godt og artig arbeidsmiljø saman med ein gjeng som lagar ei av landets aller beste lokalaviser!

Har du spørsmål til stillinga, kontakt

Redaktør Lillian Holden, tlf. 476 64 466

Klubbleiar Magnus Lindahl, tlf 906 51 269

Send søknaden til Hallingdølen, Sundrevegen 79, 3571 Ål, eller på e-post: lh@hallingdolen.no

Søk på stillinga

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS