Stillingsannonse:

Firda søker journalist

Søknadsfrist: 09. november

Firda blei nyleg kåra til årets lokale nyheitsnettstad av MBL, og ifølge juryen boksar vi over eigen vektklasse og leverer ein nyheitsnettstad med særpreg.

No ser vi etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga.

Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk,
har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane.

I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort på bil.

Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.

Spørsmål til stillinga kontakt:
Ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen på 970 55 202.

Søknad med CV og referansar sender du til [email protected].

Idar Stadheim er leiar for redaksjonsklubben.

Søknadsfrist: 9. november

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Firda

Firda held til i Førde og er lokalavis for sju kommunar i Sogn og Fjordane. Vi er 18 årsverk i redaksjonen.
Samla når vi 39.000 lesarar gjennom mobil, nett og papiravis kvar dag.

Firda blir redigert på nynorsk.

Firda blir gitt ut av Firda Media AS, eit selskap i mediekonsernet Amedia.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS