Stillingsannonse:

Firda søker ivrige sommarvikarar

Søknadsfrist: 19. februar

Lyst til å bruke sommaren på Vestlandet i ein redaksjon som satsar for fullt på det digitale?

Vi søker engasjerte sommarvikarar som har lyst å jobbe med høgt tempo for å levere på firda.no.

Firda skal tilsette vikarar i redaksjonen for sommaren 2020. Som sommarvikar i Firda jobbar du hovudsakleg som nyheitsjournalist, men du er innom alle felt og får ein variert arbeidskvardag. Du er motivert til å finne eigne saker, jobbar sjølvstendig og er samarbeidsvillig.

Sommarvikarane våre går i turnus med tidleg-, dag-, kvelds- og helgevakter.

Du må skrive nynorsk og ha førarkort på bil.

Firda held til i Førde og har 18 årsverk i redaksjonen. Firda er lokalavis for sju kommunar og blei i 2019 kåra til årets mediehus i Amedia. Spørsmål om vikariata?

Ta kontakt:

Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør: 97055202
Marie Havnen, utviklingsredaktør: 41630884

Send ein kort søknad med CV til [email protected]

Sommarvikariata varer frå midten av juni til midten av august.
Frist: Snarast og seinast onsdag 19.februar.

SØK STILLINGEN HER: