Stillingsannonse:
Draumejobben er ledig (igjen)!
Søknadsfrist: Snarest
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Hordaland Folkeblad treng ein bladfyk i 100 prosent stilling frå sommaren 2021.
Me tek gjerne imot ein søknad frå deg som
- skriv konsis og korrekt nynorsk, har syn for detaljane i språket og likar å trøya deg med pennen
- har røynsle med fotografering, filming og avisarbeid, pluss eit årvake blikk for gode saker
- forstår at sosiale medium er eit nyttig vonde som du kan utnytta
- tenkjer digitalt utan å vera klikkprostituert
- har førarkort for Lexus UX 300e (!)
- les kommunedelplanar og brev frå statsforvaltarar for å få fart på sexlivet
- er fleksibel, sjølvstendig, snåp, ryddig og omgjengeleg, og evnar å knyta passeleg tette band til gode kjelder
- ser avgrunnen mellom marknadsføring og journalistikk, og lever greitt med å få skjenn frå dei som ikkje ser han
- har som rettesnor at ikkje alt som sel godt, er god journalistikk
- kan handtera både stort ansvar og stor tillit
- er villig til å yta meir enn du må og ikkje ser på inneklemte dagar som fridagar
- ikkje ser på jobben som eit springbrett eller ei retrettstilling
- lever greitt med ei løn som aldri gjer deg til ein del av snobben
- finn deg til rette i ein liten, men relativt triveleg kollegafellesskap i små, men relativt trivelege kontorlokale som etter ti år framleis manglar dekor på veggene
- er frekk nok til å søkja sjølv om du ikkje stettar nokon av krava – og trur at du kan få jobben sidan du har resonnert deg fram til at knapt nokon fantaserer om ein kvardag i ei tasal lokalavis
Send søknad til redaktør Sigbjørn Linga: linga@hf.no. Ring 415 66 112
om du lurar på noko.
Nylige artikler
På lufta i tilfluktsrommet på under fem minutter
Se video fra PFU-møtet
Følg PFU-møtet direkte
Bevisst på «realitysmell»: – Mange blir skrella bort
– Bedre at de velter gørra ut på Facebook enn i gatene, sier Hans Rustad om rasistisk kommentarfelt
Mest leste artikler
Oppsigelsessak i NRK havner i retten
Millionbutikk fra kjøkkenbordet: – Vi gjør alt sjæl
VG saksøkt: Stålsetter seg for skyhøye sakskostnader
VG saksøkes av storkonsern etter innsynsklage: – Veldig overrasket
NJ-streik kan skape problem for fleire tv-program