Stillingsannonse:

Årsvikariat som journalist i Hallingdølen

Søknadsfrist: 22. juni

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hallingdølen

Er ei lokalavis som kjem ut i Ål i Hallingdal i Viken. Avisa vart grunnlagd i 1936 og er eigd av fleire aksjonærar. Avisa dekkjer Hallingdal og er den største nynorskavisa på Austlandet. Hallingdølen kjem ut tre gonger i veka. Alt redaksjonelt stoff er på nynorsk. Medan Firda er den største nynorskavisa på Vestlandet, er Hallingdølen den største på Austlandet. Avisa er ei av dei største avisene i Noreg som står utanfor alle mediekonsern eller som ikkje sjølv er eit mediekonsern. Hausten 2011 innførte Hallingdølen betaling for all tilgjenge til artiklar på Internett. Ho var ei av dei første avisene i Noreg med denne ordninga.

Har du lyst til å vera med på laget i Europas beste lokalavis? Då kan du vere rette person for oss! Me søker ein journalist i vikariat for eitt år, med oppstart så raskt som mogleg.

Hallingdølen er ei lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på over 10.000. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Me har eit høgt digitalt fokus, som gjer oss til ei sterk 24/7-avis.

Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire år. I 2021 vart me kåra til Årets lokalavis i Europa!

Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.

Me søker deg som har:

  • Nyheitsteft og engasjement
  • Stor arbeidskapasitet
  • Kan jobbe raskt og sjølvstendig
  • Er framoverlent og har eit ønske om å utvikle deg
  • Har godt humør og entusiasme

Erfaring frå mediebransjen er ikkje eit krav, men vil vere eit stort pluss. Stillinga går inn i vaktturnus, med kvelds- og helgevakter. Du må ha sertifikat.

Det me kan tilby deg er ein variert kvardag i eit levande lokalsamfunn, som har eit sterkt og godt forhold til avisa si. Eit godt og artig arbeidsmiljø saman med ein gjeng som lagar ei av landets aller beste lokalaviser!

Har du spørsmål til stillinga, kontakt

Redaktør Lillian Holden, tlf. 476 64 466
Klubbleiar Magnus Lindahl, tlf 906 51 269

Send søknaden til Hallingdølen, Sundrevegen 79, 3571 Ål, eller på e-post: lh@hallingdolen.no

Søknadsfrist 22. juni.

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS