Stillingsannonse:
Kvinnheringen søkjer journalistar
Søknadsfrist: 8. september
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Gjer ein forskjell i lokalsamfunnet: Bli journalist i Kvinnheringen!
Kvinnheringen søkjer journalistar med lokalkunnskap og eit godt kontaktnett i lokalsamfunnet, både til fast stilling og vikariat.
Kvinnheringen skal dagleg servera folk i Kvinnherad journalistikk om det folk flest snakkar om og er opptekne av. Vi skal levera kritisk, uavhengig og god journalistikk, og vera ei open og inkluderande avis. Derfor treng vi dei beste journalistane! Ikkje gå glipp av denne unike sjansen til å søkja jobb i den størstelokalavisa i Kvinnherad.
Vi ser etter deg som:
- trivst med å rykka ut på store og små hendingar og rapportera direkte frå felten, med tekst, bilde og video
- er språksikker, idérik, sjølvstendig og tar initiativ
- skjønar korleis god journalistikk skal presenterast for å vekka interesse
- likar høgt arbeidstempo og varierte arbeidskvardagar
Vi kan tilby:
- eit godt arbeidsmiljø
- ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for kvinnheringane
- ein variert og spennande arbeidskvardag
- gode høve til personleg utvikling i landets største mediekonsern
Å jobba som journalist krev at du er allsidig og kan bidra der det er behov. Vi treng journalistar med kompetanse og interesse for blant anna politikk, næringsliv, hendingar, kultur, sport, foto og video.Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne om kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.
Kontaktinformasjon
Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør Mona Grønningen på mona@kvinnheringen.no, eller ring 99224355.
Du kan også kontakta NJ-leiar Jonn Karl Sætre på jonn.karl@kvinnheringen.no eller ring 99520861.
Søknadsfristen er 8. september
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon