Stillingsannonse:
Jærbladet søkjer sommarvikarar
Søknadsfrist: 15. mars
Er du klar for ein spennande sommar i ein av Norges mest dynamiske regionar?
Jærbladet søkjer nå etter engasjerte og nyfikne sommarvikarar som er med og sikrar at me held på posisjonen som den føretrekte kjelda til lokale nyheiter og den viktigaste arenaen for samfunnsdebatt på Jæren.
Me vil ha deg som:
- Har eit brennande engasjement for lokaljournalistikk.
- Er initiativrik, har gode idear og snappar opp sakene som folk snakkar om rundt middagsbordet.
- Meistrar både raske nyheitssaker og lengre reportasjar.
Erfaring frå mediebransjen er ein fordel, men det aller viktigste er at du har arbeidslyst og evne til å setja i gang med eigne idear.
Jærbladet jobbar ein del med visuell journalistikk. Derfor er videokompetanse eit pluss.
Du må ha førarkort for bil.
Hos oss får du:
- jobba med eit viktig samfunnsoppdrag og varierte arbeidsoppgåver
- eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling gjennom samarbeid med både ferske stemmer og erfarne journalistar
- stor fridom og moglegheit til å dekke eit breitt spekter av lokale saker
- ein sommar full av spennande opplevingar på Jæren
Som sommarvikar i Jærbladet vil du intervjua aktuelle personar, skriva saker, ta bilde og video og vera med på å rykka når akutte hendingar skal dekkast.
For å sikra at lesarane våre alltid kan halda seg oppdaterte på siste nytt, må du rekna med å jobba enkelte kveldar og helgar.
Du vil få opplæring, og kollegaane dine vil hjelpa deg når det trengst.
Me har behov for vikarar i deler av juni, juli og august.
Kontaktinformasjon
Synes du dette høyrer interessant ut? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat:
Simon Hobberstad, redaksjonssjef: simon.hobberstad@jbl.no / 458 65 423
Snorre Standish Norheim, journalist/klubbleiar: snorre.norheim@jbl.no / 928 16 163
Nylige artikler
Reportere uten grenser anklager Russland for forbrytelser mot menneskeheten
17 kjappe
Omlegging i NRK: Fire av fem fikk førstevalget
Lungelegen om Mette-Marit-pressemøte: – Ble tilpasset når jeg hadde tid
Får ikke opphevet referatforbudet for deler av Hauklands forklaring
Mest leste artikler
Det farligste var ikke påstanden om Jaglands helse
Lungelegen om Mette-Marit-pressemøte: – Ble tilpasset når jeg hadde tid
NRK deler opp utenriksredaksjonen: 30 ansatte må søke seg til nye avdelinger
Reagerer sterkt på Nybø-uttalelser: Melder seg ut av redaktørforeningen
Lurås mener iNyheter hadde full dekning for Jagland-publisering: – Det blir litt semantikk