Stillingsannonse:
Jærbladet søkjer etter journalist med frontsjef-kompetanse
Søknadsfrist: 8. september
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Me er ei tradisjonsrik avis med sterk digital vekst, og me ønskjer oss ein kollega som er god til å snappa opp nyheiter som det blir snakka om rundt middagsbordet. Den nye journalisten me skal tilsetja, vil også bli ein del av frontsjef-laget vårt.
Som frontsjef bidreg du til at Jærbladet har ei levande og innbydande forside, og held aktiviteten oppe i sosiale medium. Frontsjefane våre er også gode til å rykkja ut raskt når det skjer ting i lokalmiljøet.
Kjenner du deg igjen i dette, kan du vera den me er på jakt etter:
- Du likar å vera først ute med siste nytt.
- Du veit kva for titlar, bilde og andre grep som fangar interesse hos lesarane.
- Du kan bruka tal og analyse i arbeidet ditt.
- Du har solid presseetisk forståing.
I Jærbladet får du ein interessant og variert arbeidskvardag, og du får jobba med eit viktig samfunnsoppdrag. I tillegg til gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø lokalt, vil du få glede av at heile Amedia-nettverket kontinuerleg deler kunnskap om innhaldsutvikling og god journalistikk. Det er ønskjeleg at du har jobba som journalist tidlegare, er journalistutdanna og har førarkort.
Søknadsfrist: 8. september
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakta:
Kent Roar Nybø, ansvarleg redaktør og dagleg leiar, 452 36 863, kent.nybo@jbl.no
Snorre Standish Norheim, klubbleiar, 928 16 163, snorre.norheim@jbl.no
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon