Stillingsannonse:
Jærbladet søkjer etter ein journalist
Søknadsfrist: 8. september
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Me er ei tradisjonsrik avis med sterk digital vekst, og me ønskjer oss ein kollega som brenn for lokalsamfunn og lokaljournalistikk. Er du idérik i jakta på dei gode historiene, kan du vera den me leitar etter.
Me ser etter ein journalist som er initiativrik, har eigne idéar og som trivst med høgt tempo. Den rette kandidaten kan både laga kjappe nyheitsoppdateringar og gå djupare inn i saker. Det er ønskjeleg at du har jobba som journalist før, er journalistutdanna og har førarkort. Videokompetanse er ein fordel.
For å sikra at lesarane våre kan halda seg oppdaterte på siste nytt morgon og kveld, både kvardag og helg, går journalistane i Jærbladet i turnus. I tillegg til gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø lokalt, vil du få glede av at heile Amedia-nettverket kontinuerleg deler kunnskap om innhaldsutvikling og god journalistikk.
Søknadsfrist: 8. september
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakta:
Kent Roar Nybø, ansvarleg redaktør og dagleg leiar, 452 36 863, kent.nybo@jbl.no
Snorre Standish Norheim, klubbleiar, 928 16 163, snorre.norheim@jbl.no
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon