Stillingsannonse:
Hordaland Folkeblad søkjer bladfyk
Søknadsfrist: 15. september
Er du forviten, verksam, viljesterk og ubunden?
Då er det ikkje noko å lura på!
Hordaland Folkeblad er ei uavhengig lokalavis som dekkjer Kvam og Jondal i Hardanger. Kontoret ligg i Norheimsund, men arbeidsplassen er også i alle bygdene langs fjorden, frå Ålvik til Mundheim og på andre sida av fjorden, frå Herand til Kysnesstrand.
I februar i år gjekk me inn i ein ny partnarskap med Mentor Medier og fleire andre uavhengige og fritenkjande lokalaviser. Samarbeidet gjev oss tilgang på kompetanse utanfor eiga leikegrind og framtidsretta teknologi. Vona vår er at me maktar å henga med i den nye tida utan å gje frå oss sjølvstende og råderett og verta ei klikkhore.
Ein typisk vestlending, med andre ord.
For å henga med, må me styrkja redaksjonen. Her kjem du inn. Mogelegvis.
Du har:
- teft for gode saker
- idear i hopetal
- høgt tempo og låg puls
- kjennskap til skilnaden mellom Statsforvaltaren og fylkeskommunen
- ellevilt god nynorsk
- ideelt sett ein forkjærleik for Liverpool FC
- førarkort
Me har:
- tidvis trivelege kollegaer
- rom for fagleg utvikling
- ein svært utdatert mikrobølgjeomn
- fridom under ansvar
- ope sinn for nye sprell
- ny frankeringsmaskin
- éin bladstyrar og éin dagleg leiar
- høve til å gjera kva f... me vil
Me er diverre ikkje sertifiserte som «Great Place To Work». Det får våga seg. Til gjengjeld kan me, som absolutt alle andre norske kommunar, skilta med fin natur med rikt høve til å ferdast utandørs om du skulle ha slike perverse interesser.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om stillingen, ta kontakt med:
- Sigbjørn Linga, bladstyrar, telefon: 415 66 112 / epost: linga@hf.no
Søk på stillingen her
Hått ev. arbeidsprøvar og referansar.
Nylige artikler
Da avisspaltistene var superstjerner
Datatilsynet: 43 klagesaker mot Schibsted
Atter et nei til pressestøtte for Shifter
Satt fem år i straffekoloni, nå reiser han snart tilbake
Journalister stusser etter politiets refs: – Ingen sperringer noe sted
Mest leste artikler
Politiet reagerte på journalister under brannen: – Noe vi ser alvorlig på
Datatilsynet: 43 klagesaker mot Schibsted
Hvor mange ganger må dere vise ansiktet til Infantino, NRK?
Søkte hundrevis av jobbar – no er ho nærmast ein lokalkjendis
Anna sprang mot bomba i 2011, éin ting angrar ho på