Stillingsannonse:
Helse- og omsorgsdepartementet søker taleskrivar / kommunikasjonsrådgivar
Søknadsfrist: 21. august
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Om avdelinga
Kommunikasjonseininga har ansvar for praktisk tilrettelegging og strategisk utforming av politisk leiing sin kontakt med media, og har eit overordna ansvar for strategisk kommunikasjon, for departementet sine nettsider og kanalar i sosiale medium og for krisekommunikasjon. Eininga har også ansvar for internkommunikasjonen i departementet, og har elleve tilsette.
Om stillinga
Er du interessert i helsepolitikk? Har du erfaring frå journalistikk eller kommunikasjonsarbeid og med skriftleg formidling? Då kan dette vere jobben for deg.
Helse- og omsorgstenesta er eit stort felt der problemstillingane er krevjande, debattane mange og merksemda stor. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Vi søker deg som kan gi kloke råd og forme bodskap som treff når det hastar, og som på same tid evner å tenke langsiktig. Du skriv godt, og greier å gjere det uforståelege forståeleg. Du har god innsikt i norsk politikk og forvaltning.
Som taleskrivar/kommunikasjonsrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av de mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søker derfor etter ein samfunnsengasjert medarbeidar med god rolleforståing, gjerne med god kjennskap til aktuelle helsepolitiske saker og utviklinga i medielandskapet.
Arbeidsoppgåver
- Skrive og utvikle bodskap og tekstar, som talar og kronikkar, pressemeldingar, talepunkt, innlegg og bodskapsplattformer, i samarbeid med politisk leiing og fagavdeling
- Førebu politisk leiing til intervju og debattar
- Moglegheit for å gå inn i pressevaktordninga
- Bidra ved andre aktuelle oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
Du må
- ha høgare utdanning, gjerne medie- og/eller kommunikasjonsfagleg (relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanning)
- ha ein svært god penn, og skriv klart og tydeleg
- like gjerne lage korte og treffande bodskap til sosiale medier, som lengre, retoriske talar og overordna bodskapsplattformer
- ha god rolleforståing, og forstår samspelet mellom politikk, embetsverk og media
Ønskelege kvalifikasjonar
- Du bør ha erfaring som journalist og/eller kommunikasjonsrådgjevar.
- Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på
Du må som hovudregel ha minst tre års relevant erfaring for å bli innplassert som rådgivar, og minst seks års relevant erfaring for å bli innplassert som seniorrådgivar hos oss.
Personlege eigenskapar
Du
- er idérik og initiativrik
- arbeider godt under press
- har god vurderingsevne og van med å handle raskt når det er naudsynt
- har interesse for departementet sine fagområde
- er fleksibel og arbeidsvillig
- er raus og omgjengeleg med gode samarbeidsevner
- er analytisk
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
- Eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Fem veker ferie
- Lyse kontorlandskap midt i sentrum (regjeringskvartalet)
Den som blir tilsett, må kunne bli sikkerheitsklarert for Hemmeleg.
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
kr 620 000 - 850 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Kontaktperson
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:
Andreas Keus, konstituert kommunikasjonsdirektør, 950 72 023,
andreas.keus@hod.dep.no
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon