Stillingsannonse:
Helse- og omsorgsdepartementet søker kommunikasjonsrådgjevar
Søknadsfrist: 21. august
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Om avdelinga
Kommunikasjonseininga har ansvar for praktisk tilrettelegging av politisk leiing si kontakt med media, og eit overordna ansvar for strategisk kommunikasjon, ekstern og internkommunikasjon, nettsider, sosiale medium og krisekommunikasjon. Eininga har elleve tilsette.
Om stillinga
Vi søker ein samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgjevar! Som kommunikasjonsrådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søker etter ein samfunnsengasjert medarbeidar med god rolleforståing og god kjennskap til utviklinga i medielandskapet.
Arbeidsoppgåver
- Pressekontakt og medierådgiving. Du vil vere med i avdelinga si pressevaktordning
- Kommunikasjonsansvar for eitt av fagområda i departementet
- Førebu politisk leiing til intervju og debattar
- Utvikle bodskap, inkludert skrive og arbeide med talar, innlegg og pressemeldingar
- Lage innhald til regjeringa.no og sosiale medium (tekst, bilete og video)
- Førebu og følge statsråden på reiser
- Bidra ved andre aktuelle oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning. Særleg relevant arbeidserfaring kan i enkelte tilfelle vege opp mot kravet til utdanning
- Du har ein svært god penn, og skriv klart og tydeleg
- Du har god rolleforståing, og forstår samspelet mellom politikk, embetsverk og media godt
- Du ser kva situasjonar som eignar seg på bilete og film - og greier å fange dei!
Ønskelege kvalifikasjonar
- Du bør ha erfaring som journalist og/eller kommunikasjonsrådgjevar og pressekontakt
- Innsikt i offentleg forvaltning og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på.
For stilling som rådgjevar krev vi normalt minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgjevar normalt minst 6 år relevant erfaring.
Personlege eigenskapar
Du
- er idérik og initiativrik
- er strukturert og har stor arbeidskapasitet
- har god vurderingsevne og er van til å handle raskt når det er nødvendig
- arbeider godt og sjølvstendig og leverer under press
- har interesse for departementet sine fagområde
- er raus og fleksibel
- er ein omgjengeleg lagspelar, med gode samarbeidsevner
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Vi tilbyr
- Fast stilling
- Ein spennande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
- Eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Lyse kontorlandskap midt i sentrum (Regjeringskvartalet)
Den som blir tilsett, må kunne verte sikkerheitsklarert på nivå Hemmeleg.
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
Kr 560 000 – 850 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Kontaktperson
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:
Andreas Keus, konstituert kommunikasjonsdirektør, 950 72 023, andreas.keus@hod.dep.no
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon