Stillingsannonse:

Hallingdølen søker journalist i fast stilling

Søknadsfrist: 31. oktober

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hallingdølen

Hallingdølen logo

Er ei lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på 10.736. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Me har eit høgt digitalt fokus, som gjer oss til ei sterk 24/7-avis. Me har over 12.000 unike brukarar som besøker oss dagleg.

Har du lyst til å vera med på laget i Europas beste lokalavis? Då kan du vere rette person for oss! Me har ei stilling ledig, og søker ny journalist med oppstart så raskt som mogleg.

Hallingdølen er ei ambisiøs avis som har markert seg sterkt i bransjen og blitt kåra til Årets lokalavis fleire år. I 2021 vart me kåra til Årets lokalavis i Europa! Her får du høve til å prøve deg på alle sider av journalistikken; nyheiter, sport, kultur og reportasjar. Me har stort fokus på foto, og har ein eigen fotosjef. I tillegg har me starta arbeidet med podcast.

Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i heile mediebedrifta, av desse er 14 i redaksjonen.

Me søker deg som har:

  • Nyheitsteft og engasjement
  • Stor arbeidskapasitet
  • Kan jobbe raskt og sjølvstendig
  • Er framoverlent og har eit ønske om å utvikle deg
  • Har godt humør og entusiasme

Erfaring frå mediebransjen er ikkje eit krav, men vil vere eit veldig stort pluss. Stillinga går inn i vaktturnus, med kvelds- og helgevakter. Du må ha sertifikat.

Det me kan tilby deg er ein variert kvardag i eit levande lokalsamfunn, som har eit sterkt og godt forhold til avisa si. Eit godt og artig arbeidsmiljø saman med ein gjeng som lagar ei av landets aller beste lokalaviser!

Har du spørsmål til stillinga, kontakt:

Lillian Holden, redaktør, tlf. 476 64 466

Magnus Lindahl, klubbleiar, tlf 906 51 269

Send søknaden til:

Hallingdølen, Sundrevegen 79, 3571 Ål eller på e-post: lh@hallingdolen.no

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS