Stillingsannonse:
Framtida Junior søkjer journalist
Søknadsfrist: 4. februar
Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Framtida Junior søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist i vikariat i sju månader.
Me tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb i eit lærerikt miljø — der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på og der du får stor fridom til å setja ditt preg på Framtida Junior og utvikla avisa til å nå endå fleire barn.
Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.
Om stillinga:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidsstad: Oslo/Stord
Frist: 4. februar 2025
Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, og er god til å formidla for born og unge og ei forståing av rolla som journalist for barn.
Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.
Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar og frivillig arbeid er òg positivt.
Stillinga er eit vikariat i 100 prosent stilling frå etter påske og fram til november. Dersom du er interessert i å jobba deltid i delar av perioden, til dømes i kombinasjon med studiar, så er me opne for det!
Kontaktinformasjon:
Svein Olav Langåker, redaktør, tlf: 948 75 365 / e-post: svein@framtida.no
Birgitte Bakken, klubbleiar, tlf: 452 79 435
Søknad:
Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no
– og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.
Nylige artikler
Beskriver stort press mot «Profeten»-dokumentarist
«Hva er det med dansk politi og pressefotografer?»
17 kjappe
Da livet raste sammen, bestemte han seg for å dokumentere det
Lokalavisene er viktig beredskap for demokratiet
Mest leste artikler
Derfor identifiserer ikke mediene Ap-rådgiveren med hallikdom
Ni av ti rettede Adresseavisen-kommentarer får fullt KI-utslag
Gard Steiro: – Driver du med generiske nyheter, bør du finne deg noe annet å gjøre
Se og Hør var nær å avsløre norsk Epstein-kobling i 2012
Mediehus skyter seg selv i foten