Stillingsannonse:
Fagforbundet søker informasjonsrådgivar
Søknadsfrist: 8. oktober
Fagforbundet har ledig 100 % fast stilling som rådgivar på informasjonsavdelinga.
Informasjonsavdelinga har 15 medarbeidarar med ansvar for informasjon til medlemmer og tillitsvalde, materiellproduksjon, kampanjar, nettsider, sosiale media og mediearbeid. Vi har òg eige hustrykkeri.
No søker vi ein medarbeidar som kan ta på seg fleire ulike oppgåver på avdelinga. Vi søker ein kollega som har kommunikasjonsfagleg erfaring, men som også har eit sterkt samfunnsengasjement. Framfor alt er vi ute etter søkarar som har god politisk og organisatorisk forståing, og som likar å samarbeide.
Arbeidsoppgaver
- Gi råd og bistå tillitsvalde med mediearbeid, nasjonalt og lokalt.
- Arbeid for å informere og synleggjera yrkesgruppene til Fagforbundet.
- Produsere innhald til nettsida, SoMe og tillitsvaldbladet Oss tillitsvalgte.
- Informasjonsarbeid knytt til tariffoppgjer og valkamp.
- Andre oppgåver på avdelinga
Kvalifikasjoner
- Utdanning eller erfaring frå journalistikk, organisjonsarbeid, kommunikasjons- eller samfunnsfag.
- Erfaring frå politisk eller organisatorisk arbeid.
- Erfaring frå, eller kunnskap om, arbeidarrørsla og faglegpolitisk arbeid.
- Erfaring frå tekstproduksjon og/eller arbeid med SoMe og nettsider.
Relevant dokumentasjon skal leggast ved søknaden i Webcruiter.
Personlige egenskaper
- Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg.
- Gode samarbeidsevner.
- Sterkt samfunnsengasjement.
- Evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjert arbeidsmiljø.
- Utfordrande og viktige arbeidsoppgåver.
- Tilrettelegging for kompetanseutvikling.
- Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid.
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår.
Kontaktinformasjon
Kjell-Erik Kallset, leder, 952 28 158
Geirmund Jor, nestleiar, 416 48 263