Stillingsannonse:

Distriktssenteret søkjer kommunikasjons­rådgjevar

Søknadsfrist: 7. mai

Om arbeidsgiver

Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.

Er du interessert i Distrikts-Noreg og drivande god på å skrive og fortelje?

Distriktssenteret søkjer deg som har evnen til å fortelje gode historier som er tilpassa den rette målgruppa. Det er du som veit kva som er rett innhald på rett stad. Det er du som får oss til å fortelje bodskapen vår på nye måtar, fordi du veit at det er då vi når fram!

Skriv du godt og veit kva som skal til for løfte innhaldet til nye høgder? Tenkjer du òg at å bu i Distrikts-Noreg er noko som er ein god ting for både deg og andre? Då må du lese vidare.

I Distriktssenteret vil du bli med på eit engasjert lag som arbeider med å skape gode lokalsamfunn i distrikta. Som nasjonalt kompetansesenter kan vi veldig mykje om lokal samfunnsutvikling. Som forvaltar av Merkur-programmet kan vi veldig mykje om butikkdrift i distrikta. Din jobb handlar om å gjere all kunnskapen tilgjengeleg og brukbar for dei som treng den.

I jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Distriktssenteret blir du ein av tre som jobbar med kommunikasjonen vår. Du vil ha eit spesielt ansvar for å skrive og på andre måtar fortelje historiene vi har å fortelje. Det kan vere alt frå gode eksempel til omfattande læringsartiklar. Det kan vere små filmsnuttar eller å hjelpe kolleger med manuskriptet til eit foredrag. 

Du må ha relevant erfaring eller utdanning, og arbeidsprøvar å vise til. Det fell deg lett å skrive gode tekstar både på nynorsk og bokmål. Du får også kollegene dine til å skrive godt. Du veit godt at rettskriving ikkje er nok, og at det er mange andre typar innhald enn tekst. Du tør å prøve og feile, og du er trygg nok til å kome med spreke forslag.

Det vi veit du skal jobbe med

  • Skrive artiklar og andre typar tekstar til Distriktssenteret sine nettsider
  • Språkvaske, kvalitetssikre og publisere innhald andre har laga 
  • Lage og dele innhald til sosiale medier 
  • Planlegge og prioritere kommuniksajonsarbeid saman med kommunikasjonsgruppa 
  • Vere ein god rådgjevar for dine kolleger og hjelpe med tekstar, bodskap og god formidling

Noko av det vi håpar du kan jobbe med

  • Måle effekten av kommunikasjonsarbeidet vårt
  • Podcast, bilete og film
  • Internkommunikasjon
  • Lure måtar å dele kunnskap på
  • Vidareutvikling av kommunikasjonsarbeidet

Viktige punkt om deg

  • Du trivst med å finne gode historier og formidle dei
  • Du klarar å forklare kompliserte ting på enkle måtar
  • Du er skriv godt på både nynorsk og bokmål
  • Du leverer godt både når du arbeider saman med andre og åleine
  • Du er innovativ, kreativ og ser etter nye løysingar. Du tør seie frå og utfordre oss.
  • Du liker å inspirere og lære bort tips og triks innan kommunikasjonsfaget
  • Du har IT-kunnskapar, inkludert publiseringsløysingar, Microsoft 365 og andre verktøy som trengs i stillinga
  • Det aller viktigaste for oss er det du viser at du kan og det du vil få til
  • Bakgrunn, utdanning og alder er mindre viktig, men både relevant erfaring og utdanning er ein fordel

Legg ved 2-3 arbeidsprøvar der du viser korleis du skriv og tilpassar tekst til målgruppa.

I Distriktssenteret får du:

  • eit fagleg sterkt, engasjert og godt arbeidsmiljø
  • varierte arbeidsoppgåver og hyppig bruk av moderne digitale verktøy
  • gode utviklingsmoglegheiter, fleksibel arbeidstid, konkurransedyktig lønn og medlemskap i Statens pensjonskasse
  • topp moderne kontor i Sandnessjøen eller Leikanger
  • 100 % fast stilling

Jobb i Leikanger eller Sandnessjøen 

Du vel sjølv kva for eit av dei to kontora du vil jobbe på. Skriv i søknaden kva som passar deg. Alle kontora våre er moderne, har heilt eller delvis ope landskap og er godt tilrettelagt for ein fleksibel arbeidskvardag. I Leikanger held vi til i moderne lokalar hjå Statens vegvesen, medan vi i Sandnessjøen har flytta inn i det nyrenoverte Flusthuset.

Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!

Om prosessen

Legg ved 2-3 skriftlege arbeidsprøvar der du viser korleis du skriv.

Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju. 

Dersom du ynskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Opplysingar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje stå på søkjarlista. I så fall vert du varsla først.

Kontaktinformasjon

Dan-Erik Aggvin, kommunikasjonssjef
92477147 / dan-erik.aggvin@kdu.no

Marit L. Mellingen, direktør
47252209 / marit.mellingen@kdu.no

Søk stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS