Stillingsannonse:
Bygdanytt søkjer vikar frå no og til januar 2026
Søknadsfrist: 11. februar
Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Ein av journalistane våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi er difor på jakt etter ein ivrig vikar til redaksjonen vår.
Du må kunne jobbe sjølvstendig, tole å jobbe under tidspress og kunne levere tekst og bilete raskt. Kan du litt om video og likar å filme med mobilen, er det ein fordel. Skriv du både på bokmål og nynorsk, er det også ein fordel.
Du må ha førarkort for bil. Du disponerer gjerne eigen bil, men det er ikkje eit krav.
Stå-på-vilje, godt humør, fleksibilitet og evna til å lære er vel så viktig som ei lang CV i denne jobben.
Vikaren kjem til å jobbe mest på dagtid i vekedagane, men òg ein del på kveld og i helg.
Skriv kort om deg sjølv, legg ved CV og gjerne nokre døme på kva du har gjort før.
Tiltreding snarast. Vikariatet varar til 5. januar 2026.
Bygdanytt ønskjer mangfald blant våre tilsette. Vi oppmodar også dykk med ulik bakgrunn og funksjonalitet til å søkje.
Bygdanytt held til i Indre Arna, berre sju minutt med toget frå Bergen sentrum.Hos oss får du erfaring som er gull verdt, og ordna arbeidsforhold. Vi dekkjer geografiske område som går frå by til land, og vi dekkjer eit vidt spekter av saker. I vårt område bur det nærare 25 000 menneske.I klynga vår av lokalaviser finn du Strilen (held til i Knarvik) og Bygdanytt (held til i Indre Arna). Avisene jobbar tett saman – òg med søsteravisene våre Vestnytt og Askøyværingen – har fleire fellesfunksjonar og hjelper kvarandre ved behov.
Kontaktinformasjon
Eirik Langeland Fjeld, ansvarlig redaktør, 95 99 72 37
Ronny Bertelsen, klubbleder NJ, 90 17 21 66
Nylige artikler
Mediene må også granske krigene de overser
Vil straffe eiere som blander seg – redaktørtopp er skeptisk
Kan lisensavtaler med KI-selskapene bli den viktigste inntektskilden for mediene?
Britt Sofie Hestvik går av som toppsjef i Kommunal Rapport
Nå forventer NR at Hans Rustad gjør faktiske endringer
Mest leste artikler
Kjempet i tre år: Sikret nær 200.000 kroner til hver kollega
NRK-korrespondent Philip Lote forteller om sykdom
Historisk KI-avtale gir norske journalister flere tusen på konto før jul
Det er ikke personlig. Det er bare journalistikk
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt