Stillingsannonse:
Bondevennen søkjer journalist
Søknadsfrist: 25. januar
Landbruksfagleg person med skrivelyst og formidlingsevne
Ønskjer du å setta namnet ditt på landbruksjournalistikken i Norge?
Er du klar for å kvessa pennen og skriva om alt frå jord - via fjøset - til bord? Bondevennen søkjer ein landbruksfagleg person med god formidlingsevne. Vi vil gjerne høyra frå deg!
Om oss
Bondevennen har ein liten redaksjon med godt arbeidsmiljø. Hjå oss jobbar du i eit miljø prega av fag, engasjement og samarbeid. Her er stort rom for læring og utvikling.
Redaksjonsmedarbeidarane våre er ofte ute på reportasjereiser. I tillegg brukar vi ein del heimekontor.
Kulturen i Bondevennen og i landbruksmiljøet som vi skriv om og for er prega av fagterminologi, historie, tradisjon og nettverk. Kjennskap til dette er nyttig i arbeidet.
Kva vil du gjera i Bondevennen?
Som vår journalist vil du:
- Vera særleg oppteken av husdyr- og planteproduksjon
- Dekka Bondevennen sitt område fra Agder til Nord-Vestlandet
- Skriva artiklar, reportasjar, kommentarar og analysar
- Følgja Ver varsam-plakaten og vera opptatt av god presseskikk
- Levera stoff til redigering og korrektur i god tid før deadline
- Halda deg oppdatert innan jordbruksfaglege tema og i samfunnsdebatten
- Utvikla idear til nye saker og samarbeida med kollegaer for å skapa aktuelt og engasjerande innhald
- Bidra til anna redaksjonelt arbeid som småsaker og korrekturlesing
- Disponera eigen bil
Kvifor vil du jobba hjå oss?
- Konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr gode forsikrings- og pensjonsordningar som gir tryggleik
- Fleksibilitet og sjølvstende: Du styrer din egen arbeidsdag og har rom for å påverka utforminga av bladet
- Utvikling: Vi vektlegg fagleg og journalistisk kompetanseutvikling, slik at du som arbeidstakar får utvikla deg i jobben
- Variasjon: Arbeidet i Bondevennen er mangfaldig og gir deg spanande utfordringar
Oppstart: Etter avtale
Spørsmål om stillingen
Bothild Nordsletten Åslaugsdotter, redaktør, tlf: 99 00 10 12
Nylige artikler
Suvatne tar selvkritikk etter første Debatten-sending
Følg PFU-møtet direkte
Se video fra PFU-møtet
Fikk to uker i jobben – så ble Altinget lagt ned
Suvatnes forgjenger: – Aldri skjønt verdien av benkpress
Mest leste artikler
NRK forsvarer KI-bruk i ny tv-serie
DN-legende tar hatten og går: – Helt kokos
Fikk to uker i jobben – så ble Altinget lagt ned
Demos sjokkerende kommentarfelt
Suvatnes forgjenger: – Aldri skjønt verdien av benkpress