Stillingsannonse:

Bømlo-nytt søkjer to journalistar til faste stillingar
Søknadsfrist: 1. juni
Bømlo-nytt er den leiande mediebedrifta i Bømlo kommune, og skal også vera den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida.
Bømlo-nytt har hatt ei særs positiv utvikling dei siste åra, med stor auke både av lesarar og annonsørar på våre plattformer. Me søkjer derfor etter nye journalistar som kan bidra til å løfte oss til eit nytt nivå.
Som journalist blir du avgjerande for at me vinn nyheitskampen kvar dag. Du vil produsera nyheiter og arbeida med både tekst, bilde, lyd og video. Stillingane inngår i turnus i redaksjonen. Stillingane rapporterer til ansvarleg redaktør i Bømlo-nytt.
ANSVAR OG OPPGÅVER
Bømlo-nytt har eit sterkt digitalt fokus, og vi ser etter deg som er nysgjerrig på digitale verktøy og ivrig i jakta etter gode historier og nyheiter.
Og du vil mellom anna kunna arbeida med å:
- Produsera redaksjonelt innhald
- Jakta på dei store avsløringane, men også på dei små kjappe nyheitene
- Byggja og ta hand om kjeldenettverk og relasjonar
ØNSKA KVALIFIKASJONAR
- Journalistisk utdanning og/eller erfaring vert vektlagt
- Instinkt for gode nyheiter og evna til å sjå dei gode historiane rundt deg
- Klar forståing for medieutvikling og digitalisering
- Vere aktiv og tilgjengeleg i sosiale medium
- God presseetisk vurderingsevne
- Førarkort for bil og ha eigen bil
- Gode språkferdigheiter i nynorsk, skriftleg og munnleg
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Resultatorientert
- Pågangsmot
- God kommunikator
- Lærevillig
- Lagspelar
Om du har noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å vise interesse for stillinga.
VI KAN TILBY
- Interessante arbeidsoppgåver saman med dyktige folk
- Eit spennande fagleg miljø med sterk digital satsing
- Tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggja til rette for vekst og utvikling
- Storslått natur! Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnadar på Bømlo og i Sunnhordland. Les meir om den fantastiske regionen vår.
Bømlo-nytt har kontor i Svortland sentrum. Arbeidsdagen blir ein kombinasjon av kontortid på Svortland, heimekontor og oppdrag i feltet.
KONTAKTPERSONER
For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved:
JAN TORE HAMNØY
Rådgiver / daglig leder
+47 411 02 200
jth@hamnoy.no
eller
ANNA FROESTAD
Rådgiver - research & analyse
+47 984 38 273
af@hamnoy.no
Vis interessa di for stillinga ved å registrere CV-en din og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. Alle henvendingar blir behandla konfidensielt – også ovanfor oppdragsgivar i innleiande fase, dersom det er ønskeleg.
Søknadsfrist: 1. juni 2023 – søknadar blir vurderte fortlaupande.