Stillingsannonse:
Bjerknessenteret for klimaforsking søker kommunikasjonsrådgiver
Søknadsfrist: Snarest
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Er du vår nye kommunikasjonsrådgjevar på Bjerknessenteret for klimaforsking?
Vi søkjer ein kollega til vårt vesle kommunikasjonsteam. Vi ser etter deg som har brei erfaring frå kommunikasjonsfaget, med vekt på mediekontakt og kan formidle gode historier raskt og treffsikkert i relevante kanalar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og samstundes vere ein lagspelar.
Bjerknessenteret for klimaforsking er eit naturvitskapleg klimaforskingssenter, eit samarbeid mellom fire partnarar med opp mot 300 forskarar frå heile verda.
Arbeidsoppgåver:
- Kontakt med media og våre forskarar.
- Produsere og formidle større og mindre saker gjennom foto, video og tekst både på norsk og engelsk.
- Planlegge og koordinere innhald til interne og eksterne målgrupper
- Mediekontakt og innsal til redaksjonar
- Utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar for prosjekt og arrangement
Strategisk rådgjeving og generelt kommunikasjonsarbeid knytt til Bjerknessenteret og eksternt finansierte forskingsprosjekt.
- Det er eit krav at du kan setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar og kommunisere godt på norsk og engelsk. Stillinga er fast og oppstart er så snart som mogeleg.
Kvalifikasjonar:
- Du har mastergrad, gjerne innan journalistikk eller kommunikasjonsfag. Lang og relevant erfaring frå media og kommunikasjonsarbeid kan i enkelte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- Du har minimum fem års relevant og dokumentert arbeidserfaring.
- Du har dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon.
- Du har god formidlingsevne og meistrar ulike kommunikasjonsformer både i form av tekst og video.
- Du må vere ein dyktig innhaldsprodusent på flytande norsk og engelsk.
- Du har teft for dei gode mediesakene.
- Du er ein god lagspelar og relasjonsbyggar, med evne til sjølvstendig arbeid.
- Du er strukturert og sjølvgåande.
- Du har gode samarbeidsevner.
Om du har desse kvalifikasjonane og eigenskapane, håpar vi at du vil søkje stillinga hos oss.
Kontaktpersoner
Gudrun Urd Sylte, kommunikasjonsleder, 408 56 457, Gudrun.Sylte@uib.no
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon