Stillingsannonse:
Avisa Nordhordland søker journalist
Søknadsfrist: Snarest
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Varigheit: 6 måneder
Me er på jakt etter deg som alltid er på utkikk etter dei gode nyheitssakene, er flink til å komma tett på folk og ønskjer å fortelja historiene på ein levande og engasjerande måte.
Du må ha interesse for den digitale journalistikken og har lyst til å verta ein del av den dyktige og ambisiøse redaksjonen vår. I tillegg til å vera skrivande journalist, vil du òg kunna komma til å jobba med video, foto og direkteoppdateringar.Me reknar ikkje med at du kan alt frå første dag, men du må vera motivert for å læra deg nye verktøy og arbeidsoppgåver.
Me ser etter deg som:
- Er motivert for å utvikla deg som journalist
- Har ein del journalistisk erfaring
- Er engasjert, likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og er kreativ
- Meistrar nynorsk
- Vert motivert av at dine saker vert lesne, men óg heiar fram andre for å nå felles mål
- Er glad i eit godt fellesskap med gode kollegaer, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har førarkort på bil, likar å vere på farten, og trivst i møte med folk
Har du lyst på jobben, men kan ikkje haka av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning, vilje og talent.
Me tilbyr:
- 100% midlertidig stilling, i fast turnus
- Ein spennande jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt
- Ei viktig rolle i ei lokalavis som har ambisjonar og skal bety noko for folk
- God journalistisk erfaring og hjelp til å utvikla av kompetansen din
- Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom Amedia, det leiande lokalaviskonsernet i landet.
- Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett
Det er ein fordel om du har lokalkunnskap, og kjenner Nordhordland som region.
Kontaktperson:
Vegard Flatøy, Avisa Nordhordland, 92678283
Synne Grimen Hammervoll, klubbleiar, 41626272
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon