Stillingsannonse:

Sunnhordland årets avis i europa. Foto: MARIUS KNUTSEN

Sunnhordland søker journalist og sommervikarar

Søknadsfrist: 01. juni

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Me vil styrkja laget med ein ambisiøs journalist, som kan vera med å setja dagsordenen, og som vil spela ei viktig rolle i dekking av smått og stort i ein aktiv og spennande region.

Me søkjer ein medarbeidar som ser etter gode vinklingar, og som får arbeidet raskt og presist unna. Me ser spesielt etter deg som er flink på foto og video,
og som kan vidareføra Sunnhordland sin tradisjon med gode visuelle uttrykk.

Sunnhordland har ein ung og kreativ redaksjon og har hausta ei rekkje prisar for både journalistikk og layout. Avisa oppnådde i 2018 å bli kåra til årets lokalavis i Europa.

I sommar treng me vikarar i perioden frå juni til august.

Førarkort for bil, og god kunnskap om digitale medium er eit krav.
Vaktplanen vår inneheld faste kvelds- og helgevakter.

For meir informasjon kontakt:
Ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø, tlf 98 24 20 08.
Klubbleiar er Olav Røli, tlf. 98 24 20 14.

Søknad og CV sender du til hildevn@sunnhordland.no

Søknadsfristar
Sommarjobb: 20. mai
Fast stilling: 1. juni

SØK STILLINGENE HER:

Firma: Sunnhordland

Mediehuset Sunnhordland er den leiande mediebedrifta i Sunnhordland. Hovudproduktet er avisa Sunnhordland som kjem ut som papiravis tre gonger i veka (måndag, onsdag, fredag), med 14.000 lesarar. Godkjent opplag er 6467. Sunnhordland.no har 8000 daglege lesarar. Bedrifta har lokale eigarar, og ei årsomsetning på rundt 60 mill.
Sunnhordland Trykk produserer trykksaker og trykkjer fleire aviser ved sida av vår eiga avis.
Mediehuset Sunnhordland har 30 årsverk, held til på Stord der det er gode kommunikasjonar med eigen flyplass, fast vegsamband og eit allsidig næringsliv. Nynorskbyen Stord har gode tilhøve for kultur, idrett og friluftsliv,
og det er lett å trivast blant gode kollegaer.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS